KAFFE Clothing Førde
I 2017 fekk Marcel ei naboavdeling med ei heilt eiga historie. Torill Øen hadde då jobba 20 år i kvinneavdelinga på Mozart, og då den butikken la ned, tok ho steget til å opne noko eige: KAFFE Clothing, rett ved sida av Marcel.
Filosofien hennar var enkel, men tydeleg: dei fleste dagane våre er kvardagar, så kvifor ikkje kle seg litt fint sjølv då? KAFFE vart bygd rundt akkurat den tanken – kvardagsplagg du også kan bruke når det skal vere litt ekstra, uavhengig av alder eller stilen din.
Hos KAFFE Clothing i Førde finn du merke som Freequent, Sisters Point, Pulz Jeans, Line of Oslo og fleire, saman med KAFFE sine eigne kolleksjonar. I dag er KAFFE ein naturleg del av Marcel-fellesskapet – same lokale, same verdiar, men med sitt eige uttrykk. Kom innom for god, personleg rådgiving – vi hjelper deg gjerne med å finne noko du kanskje ikkje visste du leitte etter.







































